|
SANNINGA OM JOMENTUM
av Jørn Monsen (Jomentum`s egen poet)
(Ei verkeleg historie)
Vi har gleda store og små
Og vi kjem garantert til å halde på
Vi heiter Jomentum og er eit blandakor
Der trivnadsfaktoren er stor
Vi lagar ikkje noko rabalder
Om medlemmane sin alder
Hovudsaka er at ein likar song og musikk
At det å syngje gjev deg eit ordenteleg kick
Lokalt held vi julekonsert og kafe
Der eit svært entusiastisk barnekor syng med
Vi opptrer med ulike artistar og band
Når vi fartar rundt land og strand
Vi syng songar av alle slag
Alltid er vi i koseleg lag
Ekstra koseleg vert det pga. maten som er utruleg flott
Alt som vert severt smakar vidunderleg godt
Tenk deg å oppleve alt dette på ein gong
God mat, drikke og glad song
Ja det skal vere sikkert at gleda er stor
Når ein syng i Jomentum sitt blandakor
Meld deg inn snarast råd
Så kan du sjølv sjå
|