|
Jomentum syng med Ytre Suløens og Tricia Bouttè
I helga held blandakoret Jomentum frå Florø, Ytre Suløens Jassensemble og solisten Tricia Bouttè (Teedy) konsert i 3 kyrkjer og eit samfunnshus i Sunnfjord og Nordfjord.
Fredag kveld blir det konsert i Askvoll kyrkje, laurdag ettermiddag er det Breim Kyrkje på Reed som får konsertvitjing, laurdag kveld kjem kor, orkester og solist til Helgheim Kyrkje i Jølster, og søndag er turen komen til Florø Samfunnshus.
Julekonsert
Jomentum er eit kor beståande av songglade kvinner og menn i sin beste alder.Ytre Suløens Jassensemble er godt kjend for dei fleste frå ulike arrangement i både inn- og utland gjennom ei årrekkje. Tricia Bouttè frå New Orleans har gjennom si karriere delteke på mange konsertar og festivalar både i USA og Europa. Ho er etter kvart ei kjend røyst samen med Ytre Suløens Jassensemble, og har vore solist saman med Jomentum to gonger før.
Konsertane som skal haldast i Sunnfjordkyrkjene i helga vil ha ei fin blanding av vokale og instrumentale innslag, og der julebodskap og stemning vil vere gjennomgåande. Truleg kjem Ytre Suløens til å improvisere monagleg undervegs - mellom anna for å overraske solist, publikum og ikke minst koret.
Fulle hus
Men samspelet mellom band og kor er likevel så godt at nesten ingenting overraskar lengre. Jomentum og Ytre Suløens har nemleg halde mange konsertar saman før, der også ulike solistar har delteke.
Det vil likevel overraske kor og orkester om ikkje konsertlokala verte fulle av folk denne helga, som vil høyre og oppleve desse flotte førjulskonsertane. Dette blir nok ei fin avveksling i ei stressande førjulstid opplyser Jomentum-sjef Siv Årdal.
KONSERTAR: I helga bør folk i Sunnfjord og Nordfjord gå mann av huse for å få med seg ein av konsertane til koret Jomentum, bandet Ytre Suløens Jassensemble og solisten Tricia Bouttè. Både Askvoll, Breim, Jølster og Florø får vitjing. Foto: Ingunn Osland. |